Inngår i kampanje
  • Lesehest

Apens år (BOK)

Patti Smith

262,00 26200 Veil. pris 299,00
Klikk og hent i butikk Betal når du henter varen.
Laster inn
Bestillingsvare Sendes vanligvis innen 2-6 dager
Frakt fra 49,- Gratis frakt på alle ordrer over 1000,-
Beskrivelse
Frå forfattaren av «Just Kids» og «M Train». «Alt kan skje, det er trass i alt apens år», seier ein framand til Patti Smith. Året er 2016, og det skal bli eit år som endrar alt. I februar byrjar ifølgje kinesisk astrologi apens år. Ein gåtefull syklus som ber med seg brå og overraskande hendingar, uro og ugagn. Patti Smith opplever ei djup sorg ho ikkje kan flykte frå. For Patti Smith, som er grunnleggande nysgjerrig og alltid utforskande, gir det å skrive seg gjennom dette året dyrebar innsikt i tap, alderdom og eit dramatisk skifte i det politiske landskapet i USA. Smith tar oss med frå det sørlege California til ørkenen i Arizona, ho pendlar mellom den sjuke vennen Sam Shepard på ein gard i Kentucky og sjukehuset der vennen og mentoren Sandy Pearlman ligg i koma. Som alltid blir det også eit par turar innom New York. I denne uforgløymelege boka smeltar fakta og fiksjon saman med poetisk meistring. Trass i sorg og håpløyse byr Smith på visdom, humor og eit urokkeleg håp om ei betre verd. «Apens år» er fengslande og elegant, ein prøvestein for turbulente tider. Boka er illustrert med Patti Smiths eigne Polaroid-bilete.
Produktfakta
Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Innbundet
Utgitt 2020 Forfatter Patti Smith
Forlag
Samlaget
ISBN 9788234001734
Antall sider 161 Dimensjoner 13,8cm x 21,2cm x 1,7cm
Vekt 325 gram Oversetter Brit Bildøen
Originalspråk Engelsk Originaltittel Year of the monkey
Emner og form Memoarer, Selvbiografier: kunst og underholdning, Musikere, sangere, band og grupper, Kunstnere, kunstmonografier, USA, Musikere, Kunstnere, Kunstnermiljøer, Biografisk litteratur, 2010-2019, Faglitteratur
Anmeldelser
«Eg tenkjer på Joan Didion og nikkar denne inn i det du må lesa i karantena: Berre det å sjå folk treffast over ein kopp kaffi, i ein bil, på ein rutebilstasjon: Det er vakkert og underleg.»

Kunder som kjøpte dette produktet kjøpte også

Andre produkter med samme artist(er)/medvirkende