Daudmannaland (BOK)

Terje Sander

331,00 33100 Veil. pris 389,00
Sendes vanligvis innen 1-3 dager
Under ein svart himmel med eit endelaust giftig regn, ligg det ein by styrt av ein eldgammal Orden. Her er noko i ferd med å skje som skal endre verda for alltid. Byfolket kvesser knivar i holene sine, vondt blod kokar i Ordenen, og framande kjem vandrande frå austlanda. Og i skjula sine vonar Skuggesjåarane at dei gamle spådommane snart skal bli sanna - spådommar om det store Mørket. Terje Sanders ambisiøse science fiction-verk er ein kollasj av kolliderande skjebnar. På tre døgn ser vi nitten livsløp renne saman - frå den grublande borgherren som vakar einsam over riket sitt til den unge truande som leiter etter lagnaden. Unge og gamle, kvinner og menn, herskarar og trellar, alle blir dei delar av ei historie som er større enn dei sjølve, ei historie om urett, hemn, opprør, død, undergang - og kjærleik.

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Innbundet
Utgitt 2014 Litteraturtype Skjønnlitteratur
Forfatter Terje Sander Forlag
Samlaget
ISBN 9788252185263 Dimensjoner 16cm x 21,5cm x 5,5cm
Vekt 1240 gram Leverandør SentralDistribusjon AS
Emner og form Romaner