Dei som flyktar og dei som blir - mellomår (BOK)

Elena Ferrante

Nytt opplag ventes 26/09.
I den tredje boka i Napoli-kvartetten, har dei to jentene frå «Mi briljante venninne» og «Historia om det nye namnet» blitt kvinner. Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår og meir demokrati. Begge kvinnene har frå dei var barn forsøkt å unnsleppe livet i bydelen der dei vaks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har. «Dei som flyktar og dei som blir» er ein roman om to kvinners liv i Italia på 70-talet, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre.

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding CD
Utgitt 2016 Forfatter Elena Ferrante
Forlag
Lydbokforl.
ISBN 9788242171993
Dimensjoner 14,1cm x 13,6cm x 2,7cm Vekt 276 gram
Oversetter Kristin Sørsdal Originalspråk Italiensk
Originaltittel Storia di chi fugge e di chi resta Leverandør Forlagsentralen ANS
Andre medvirkende Silje Breivik Emner og form Moderne litteratur, Skjønnlitteratur som er oversatt, Italia, Kvinner, Vennskap, Romaner, Lydbøker, 1970-1979, Skjønnlitteratur