Den tredje politimannen (BOK)

Flann O'Brien

144,00 14400 Veil. pris 169,00
Sendes vanligvis innen 1-3 dager
Det finst få verkeleg store humoristar i 1900-talslitteraturen, men Flann O'Brien (eg. Brien O'Nolan 1911-1967) er ein av dei. Tydeleg inspirert av James Joyce gav han i 1939 ut romanen At Swim-two-birds (På svøm-to-fugler), som begeistra framståande samtidige . Joyce sjølv, men òg Graham Greene og Jorge Luis Borges. Den tredje politimannen, skriven i 1940, kom aldri ut medan han levde. Han påstod at han hadde mista manuskriptet på bussen eller puben eller trikken, men det er meir sannsynleg at han la det vekk etter at det blei refusert. O'Brien gav ut ein roman på irsk, An Béal Bocht, i 1941, også den ei fantastisk morosam bok, og han gav ut fleire romaner, noveller og skodespel etter krigen. Men det var særleg då Den tredje politimannen endeleg kom ut i 1967 at han fekk ry som ein betydeleg skjønnlitterær forfattar. Det er dei tidlege romanane som har gjeve O'Brien nemninga "den første post-modernist". Tematiseringa av fiksjonen, og spelet med autensitet og røyndom er i desse bøkene på ein unik måte kobla saman med den store irske forteljartradisjonen.

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Heftet
Utgitt 2001 Litteraturtype Skjønnlitteratur
Forfatter Flann O'Brien Forlag
Solum
ISBN 9788256012930 Antall sider 267
Dimensjoner 21cm x 12,9cm x 1,7cm Vekt 220 gram
Oversetter Grethe Fosse Originalspråk Engelsk
Originaltittel The third policeman Leverandør SentralDistribusjon AS
Emner og form Skjønnlitteratur og relaterte temaer, Skjønnlitteratur som er oversatt, Romaner, Skjønnlitteratur