Inngår i kampanje

Det vondes blomar (BOK)

Charles Baudelaire

99,00 9900 Veil. pris 149,00
På lager Sendes vanligvis innen 24 timer
Få diktsamlingar er så ettertrykkeleg blitt fordømde og verdskjende som Charles Baudelaires Les Fleurs du mal. I overgangen mellom romantikk og symbolisme markerte desse dikta sjølve vendepunktet i den europeiske lyrikken, der det moderne storbylivet stig fram, overmåte fascinerande og sorgfullt på same tid. Med denne store samlinga er ei stor gjerning av gjendiktar Haakon Dahlen avslutta for å gjere dette hovudverket tilgjengeleg samla og komplett for fyrste gong. Boka omfattar samtlege dikt frå 1868-utgåva, der dikta i bolken "Vrakgods" er med, og inneheld óg dei seks forbodne dikta fra 1857-utgåva. Det vondes blomar er Charles Baudelaire (1821-1867) sitt hovudverk og er kanskje det lyriske verket som har vore viktigast for moderne europeisk og amerikansk poesi. Baudelaire var óg ein kjend kunstteoretikar i si samtid.

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Heftet
Utgitt 2014 Litteraturtype Skjønnlitteratur
Forfatter Charles Baudelaire Forlag
Bokvennen
ISBN 9788274884441 Antall sider 286
Dimensjoner 11,5cm x 18,5cm x 1,8cm Vekt 195 gram
Oversetter Haakon Dahlen Originalspråk Fransk
Originaltittel Les fleurs du mal Leverandør SentralDistribusjon AS
Emner og form Klassisk lyrikk skrevet før 20. århundre, Lyrikk av en forfatter, Lyrikk, Skjønnlitteratur