Dikt i samling (BOK)

Tarjei Vesaas

152,00 15200 Veil. pris 179,00
Sendes vanligvis innen 1-3 dager
Dikt i samling kom første gong i 1969. Ny og utvida utgåve kom etter at forfattaren døydde i 1970. Her finn ein òg den sjette diktsamlinga hans, Liv ved straumen (1970) . samlinga Vesaas skreiv mesteparten av siste sommaren han levde, saman med einskilde upubliserte ungdomsdikt og etterlatne dikt. «Lyrikken er den finaste form for dikting. Den opphavlege og evig rette form i grunnen. Der er alt det som strøymer gjennom eit menneskesinn konsentrert i eit par små vers. Derfor er det eit gamalt ord som seier at poesien er gudanes tungemål.» Slik opna Tarjei Vesaas ei forelesingsrekkje om lyrikk på Nansenskolen i 1939. Sjølv var han 49 år da den første diktsamlinga hans, Kjeldene, kom ut i 1946. Lyrikkdebuten innvarslar Vesaas’ viktigaste diktarperiode. Med Kimen (1940) dreiar forfattarskapen frå realistiske skildringar til ein meir fortetta symbolsk modernisme. Kanskje ikkje tilfeldig at det er no Vesaas også finn seg sjølv som lyrikar?Sjølv uttalte Vesaas at det var då dei rimfrie dikta byrja å kome at han for alvor fekk lyst til å prøve seg i denne sjangeren. Og etter Kjeldene losna det. No følgde fleire sterke samlingar med dikt: Leiken og lynet (1947), Lykka for ferdesmenn (1949), Løynde eldars land (1953), Ver ny, vår draum (1956) . alle med i denne boka. Jon Fosse har skrive eit etterord.

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Heftet
Utgitt 2007 Litteraturtype Skjønnlitteratur
Forfatter Tarjei Vesaas Forlag
Gyldendal
ISBN 9788205367111 Antall sider 307
Dimensjoner 11,6cm x 18,6cm x 2,6cm Vekt 204 gram
Emner og form Lyrikk, Skjønnlitteratur

Andre produkter med samme artist(er)/medvirkende