Eit nytt namn - roman (BOK)

Jon Fosse

375,00 37500 Veil. pris 429,00
Klikk og hent i butikk Betal når du henter varen.
Laster inn
Bestillingsvare Forventes på lager innen 2-6 dager
Frakt fra 49,- Gratis frakt på alle ordrer over 1000,-
Beskrivelse
Avslutninga på storverket Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet. Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for venen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snødekte vegar. I det tredje bandet av «Septologien» nærmar det seg julaftan. Tradisjonen tru et Åsleik og Asle lutefisk saman. Det vert eit stilt måltid. Asle kjenner seg kraftlaus og ferdig med målinga. Han ryddar vekk alle målarsakene og køyrer dei siste bileta til Galleri Beyer i Bjørgvin. I tilbakeblikk fylgjer vi livet til dei to Aslane. Asle møter den livslange kjærleiken i Ales, kjem inn den katolske trua, får stilla ut i Galleri Beyer og kan leva av å måla bort alle bileta som har fest seg i minnet hans. Asle og Ales flytter etter kvart frå byen til huset på Dylgja. Namnebroren gifter seg også, men bryllaupet hans endar med ei hulkande brur og eit vondt brot. Asle har for fyrste gong sagt ja til å feira jul med Åsleik og syster hans, Guro. Julaftan reiser Åsleik, Asle og hunden Brage med sjarken inn Sygnefjorden. Dei har straumen med seg, finkleda er nedpakka, og dei byter på å stå til rors. Med seg har dei to målarstykke Guro skal få i julegåve. Heime hjå Guro angar det av røykt pinnekjøt. Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland. Nominasjonar og prisar til Septologien: Det andre namnet: Langlista til Dublin Literary Award 2020 Langlista til The International Booker Prize 2020 Nominert til Kritikarprisen 2019 Nominert til Brageprisen 2019 Nominert til Stadsteaterns Internationella pris Nynorsk litteraturpris 2019 Eg er ein annan: Langlista til Dublin Literary Award 2021 Nominert til Kritikarprisen 2020 Eit nytt namn: Langlista til Dublin Literary Award 2022 Kortlista til The international Booker Prize 2022 Finalist til National Book Award 2022 Kritikarprisen 2021 Brageprisen 2021
Anmeldelser
Jon Fosse tar skrivingen sin til et sted der ingen annen norsk forfatter kan følge ham. Septologien oser av storhet. [...] Jon Fosse, har gjort det igjen. Dette er bøker som vil bli stående som et hovedverk i Fosses forfatterskap, og, tør jeg påstå, i den norske litterære kanon. [...] Denne boka er ei oppvekstskildring, en kunstnerroman, ei fortelling om kjærlighet og vennskap, om ensomhet og savn. Mektig dødsmesse [...] avslutter den storslåtte «Septologien» på mesterlig vis [...] De tre bindene kommer til å bli stående som et hovedverk i et av vår tids viktigste forfatterskap. fremragende romankunst et romanverk som vil stå seg for ettertiden Makelaust! [...] eit storhende i norsk romanskriving. Sterk avslutning [...] Det handlar om livet. Om kunsten. Kjærleiken. Nåden. Men også om motløysa. Definitivt om døden. Helst bør bøkene lesast sakte, ei etter ei, for så å ta fatt på første boka igjen etter den sjuande. Gjerne i mørketida . for her er lys oppi alt det mørke. har skapt sitt mysteriespel med mykje humor og med ein bibelsk bodskap om nestekjærleik, tett på vår eiga tid Att läsa Jon Fosse är som att lyssna till Bach Eit nådelaust oppslukande verk
Produktfakta
Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Innbundet
Utgitt 2021 Forfatter Jon Fosse
Forlag
Samlaget
ISBN 9788252196214
Antall sider 330 Dimensjoner 13,5cm x 21cm x 2,7cm
Vekt 460 gram Litterære priser Kritikerprisen. Voksen, 2021 Brageprisen Skjønnlitteratur, 2021
Emner og form Moderne litteratur, Kunstnere, kunstmonografier, Hordaland, Kunstnere, Alkoholmisbruk, Vennskap, Romaner, Skjønnlitteratur