Inngår i
  • Pocketdealen 3 for 250,-

Felemakaren - roman (BOK)

Edvard Hoem

174,00 17400 Veil. pris 199,00
Klikk og hent i butikk Betal når du henter varen.
Laster inn
Bestillingsvare Forventes på lager innen 2-5 dager
Frakt fra 49,- Gratis frakt på alle ordrer over 1000,-
Beskrivelse
I romanen "Felemakaren" tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalt i romanen "Heimlandet barndom" (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld, og bygda går manngard i ei veke utan å finne henne. Pe blir mistenkt for drapet, og så frifunnen av retten, men ikkje av folkesnakket og ikkje av Lars. Brørne snakkar ikkje til kvarandre på meir enn femti år. Lars drøymer om å bli skipper på eiga skute, men krigen og samfunnstilstanden stenger alle utvegar for han. Han blir utskriven til å vera med i slaget på Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange på eit britisk fangeskip i fem år. Under dette miserable opphaldet møter han ein franskmann som lærer han å bygge fiolinar. Dermed snur alt. Da han endeleg kjem heim igjen, slår han seg ned som felemakar i Kristiansund, der han lever eit lykkeleg liv i 25 år, med kona Gunnhild og sju døtrer. "Felemakaren" er romanen om korleis alt blir annleis enn tenkt, om ulykke og broderstrid, men der livet likevel til slutt framstår som ei ufortent gåve. Felemakar Lars Olsen Hoem var født i Romsdal i 1782. Han var grandonkel til Serianna, som vart gift med Knut Hansen Nesje, slåttekaren i Hoems slektskrønike.
Produktfakta
Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Heftet
Utgitt 2021 Forfatter Edvard Hoem
Forlag
Oktober
ISBN 9788249522231
Antall sider 350 Dimensjoner 13,1cm x 20,6cm x 2,3cm
Vekt 279 gram Emner og form Historiske romaner, Slektsromaner, Møre og Romsdal, Slekter, Romaner, Historisk litteratur, Biografisk litteratur, 1800-1850, Romsdal, Skjønnlitteratur

Kunder som har sett på dette produktet er også interessert i