Inngår i kampanje
  • Gratis frakt på årets bøker
  • Lesehest

Fiskehuset - roman (BOK)

Stein Torleif Bjella

332,00 33200 Veil. pris 379,00
Klikk og hent i butikk Betal når du henter varen.
Laster inn
På lager Sendes vanligvis innen 24 timer
Gratis frakt! Du får fri levering på hele ordren.
Beskrivelse
«- Ska du bi ein god fiskar, må du tenkji som ein fisk. Onkel Ivar ser rett på meg. Sjølv om panna er drivvåt, ligg den amerikanske sideskilen perfekt. Me står på vollen ved båthuset. Vatnet Storsenn breier seg mot vest. Det er større enn eg hugsar. Ivar myser i lynklart haustvêr. Han har høge gummisko, feltjakke, strikkavottar og bremluve med øyrelappar. Det er berre fire kilometer frå parkeringa, men for Ivar vart det fire mil. Framoverbøygd og tungpusta kjempa han seg hit. Tyngdekrafta og hardt ramma ryggvirvlar pressa han mot bakken. To gonger ramla han. Fyrst trakka han feil og datt sidelengs. Sekken og han låg samanfletta med ungskogen. Han freste som ein hoggorm då eg fekk han laus. Like etter datt han bakover i stigen. Han kila fast baken mellom to steinar. Då eg sprang til for å hjelpe, slo han etter meg med staven. Han kom seg laus for eigen maskin, ved å vogge att og fram. Etterpå halta han på høgrefoten. Eg tenkte at onkel ikkje lenger er mannen for haustfiske i kalde fjellvatn.» Onkel Ivar Helgesson Aal har peika ut brorson Jon Aslesson Aal til å ta over fiskevatnet Storsenn. Romanen "Fiskehuset" handlar om ei veke haustfiske, kunstens indre vesen, naturen som dundrar fram, kjærleiken, sanningsord og Den Store Endringa i livet til Jon Aslesson Aal.
Produktfakta
Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Innbundet
Utgitt 2021 Litteraturtype Skjønnlitteratur
Forfatter Stein Torleif Bjella Forlag
Oktober
ISBN 9788249524075 Antall sider 136
Dimensjoner 15,7cm x 21cm x 1,4cm Vekt 286 gram
Emner og form Bygdesamfunn, Sportsfiske, Bygder, Familie, Romaner, Buskerud, Skjønnlitteratur