Hamlet (BOK)
144,00 14400 Veil. pris 169,00
Sendes vanligvis innen 2-5 dager
Shakespeares Hamlet bygger på segna om danske prins Amled og vart trykt første gong i ein kort versjon i 1603. Verket står framleis som det mest kjende hemndramaet i verdslitteraturen. Prins Hamlet kjem heim til eit krigstruga Danmark der onkelen sit på trona etter å ha myrda kongen og gifta seg med dronninga, mor til Hamlet. Hamlet blir sliten mellom trongen til å hemne faren og å bevara sin eigen moralske integritet. Men spelar han galen eller er han galen? Hamlet har vore utgitt på norsk i sju ulike gjendiktingar. Av desse er to til nynorsk: Henrik Rytters gjendikting frå 1933 og Hartvig Kirans frå 1967. Edvard Hoem har tidlegare gjendikta fleire skodespel av William Shakespeare: Kong Lear, Romeo og Julie, Kjøpmannen i Venezia, Troilus og Kressida, Othello, Når trollet skal temmast, Richard III, Macbeth, Som de vil, Richard II og Henrik IV, del I og II. Det er såleis ein moden gjendiktar som no gir oss Hamlet i ei saftig og vakker nynorsk språkdrakt.

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Heftet
Utgitt 2016 Forfatter William Shakespeare
Forlag
Oktober
ISBN 9788249517527
Antall sider 231 Dimensjoner 11,6cm x 18,6cm x 1,8cm
Vekt 150 gram Oversetter Edvard Hoem
Originalspråk Engelsk Originaltittel Hamlet
Leverandør Forlagsentralen ANS Emner og form Klassiske skuespill skrevet før 20. århundre, Danmark, Kongelige, Skuespill, Skjønnlitteratur