Ho som var så søt - roman (BOK)

Rune Belsvik

314,00 31400 Veil. pris 369,00
Sendes vanligvis innen 1-3 dager
Berit nærmar seg 60 år. Etter ho blei uføretrygda frå lærarjobben har ho levd eit rolig liv, stort sett heime i huset. Ho les bøker, strikkar, og lagar middag til mannen som framleis er i arbeid. Men ho blir stadig plaga av gamle minne. Det som plutselig skjedde den gongen, då ho gjekk siste året på ungdomsskulen. Det var jo så å seia ingenting i forhold til alt det andre som skjer i verda. Men gong etter gong krev det liksom å bli tenkt gjennom. Ute er det iskald vinter. Svære haugar med snø ligg over hus og landskap. Rune Belsvik tar oss rett inn i uroa til ei ung kvinne, og fortel om hennar erfaringar og utforsking i møte med menn. HO SOM VAR SÅ SØT er eit truverdig og sterkt kvinneportrett. Det er godt gjort av ein mann å skrive så åpent og medrivande om korleis overgrep kan prege eit heilt liv.

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Innbundet
Utgitt 2012 Litteraturtype Skjønnlitteratur
Forfatter Rune Belsvik Forlag
Cappelen Damm
ISBN 9788202380526 Antall sider 171
Dimensjoner 14cm x 21cm x 1,8cm Vekt 286 gram
Leverandør SentralDistribusjon AS Emner og form Moderne litteratur, Seksuelle overgrep, Romaner, Skjønnlitteratur

Anmeldelser

"Det Belsvik gjer, er å syna stadia fram til ho har blitt den kraftlaust suisidale kvinna ho er. Ho har visseleg ikkje blitt berga av ektemann og trygt familieliv, med ein ektefelle som er like kjærleg, overberande, realitetsvegrande «snill» som ho sjølv i si tid var preg- og kjernelaust «søt». Det er trøysteslaust. Det er effektivt skrive." Jan Askelund, Stavanger Aftenblad "Belsviks sterkeste kort her er uten tvil språket og roen i fortellingen. Det er tidvis både poetisk, ladet og sterkt." Mari Nymoen Nilsen, VG "Kanskje kan man si at dette er en historie om at det kan gå bra bare man blir sett - eller bare man går inn for å ta seg sammen. En roman som peker på det store, svarte, men som også oppmuntrer.(...) for mange kan dette være en viktig historie." Karen Frøsland Nystøyl , Vårt Land "Slett ikkje verst, tenkjer eg etter Rune Belsvik sin første roman for vaksne sidan 1999 (...) Den unge og gamle Berit går godt saman i romanen og Rune Belsvik si utforsking av korleis to enkeltepisodar i dei sårbare åra formar eit heilt liv, står til truande." Vidar Kvalshaug, Aftenposten