Lars O. Bru og havet - roman (BOK)

Morten Bjerga

305,00 30500 Veil. pris 349,00
Sendes vanligvis innen 1-3 dager
Det er torsdag i mai, og Lars Olsen Bru har vore i Stavanger og kjøpt seg ny dress. Han står på dekket av rutebåten på veg heim, til øya Bru i Ryfylke, der han ein siste gong skal lese gjennom livserindringane han har skrive. For kven veit kor lenge ein får stå i livet? Lars har levd eit rikt liv, både på havet og på landjorda. Han minnest barndom, ungdom og manndom, han minnest sjukdom og drukningsdød, sildesalting og slit, men òg fellesskap, kjærleik og kva det no er som kanskje kan føre til eit godt liv. Men Lars ber òg på nokre kors: forholdet til dottera Malena, som har brukt heile livet sitt på å ta seg av han, og forholdet til broren Børre, som han ein gong la for hat, utan at han ville det. Lars O. Bru og havet er ein roman om livet sjølv, om liv og død, om tru og tvil, om misunning og tilgiving. Om ein manns fridom og lengslar, ansvar og plikt. Historia om Lars er på same tid ei framstilling av ein mann og den tida han lever i. Vi får ein havsalt smak av kystkulturen på det norske Vestlandet i perioden 1870-1949.
Denne boka er bundet av fastprisavtalen og kan derfor ikke rabatteres ytterligere ved bruk av rabattkoder, multibuys og andre tilbud.

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Innbundet
Utgitt 2017 Forfatter Morten Bjerga
Forlag
Samlaget
ISBN 9788252194821
Antall sider 188 Dimensjoner 13,5cm x 21cm x 1,8cm
Vekt 300 gram Leverandør SentralDistribusjon AS
Emner og form Moderne litteratur, Rogaland, Romaner, 1800-tallet, 1900-1945, Skjønnlitteratur