Livet og korleis leve det - ei handbok for vaksne (BOK)

Anne Gunn Halvorsen

262,00 26200 Veil. pris 299,00
Nytt opplag ventes 27/02
Ein klok og humoristisk introduksjon til vaksenlivet! «Eg har søkt på så mykje på nettet i mitt liv, barnefødslar, føflekker, tannutvikling hjå spedbarn. Før eg gjekk ut med søppelet, var eg langt nede i det djupe nettet for å finne ut korleis Leah Isadora Behn såg ut akkurat no. Likevel har eg aldri søkt på dette, korleis leve livet. Eg har berre gjort det som verkar rett, det alle andre gjer. Det er dristig, tenkjer eg og stirer på det vesle rekkjehuset vårt. Dei som søv i andre etasje, er mine menneske. Så dristig, nesten sjukt å investere så mykje pengar, så mykje tid, så mykje krefter utan å undersøke ordentleg.» På kort tid har Anne Gunn Halvorsen (32) fått to barn, mann og rekkjehus. Ho har pådrege seg gjeld, ansvar og eit heilt ordinært vaksenliv. Ein kveld ho surfar på nettet, går det opp for henne at ho har brukt meir tid på å søkje opp kjendisar og trenings-tights enn sjølve livet. For korleis skal ein som vaksen unngå å bli skild, sur, utbrend og gjeldsslave? Kva bør du ete, kvar bør du bu, og kva kan du gjere for å unngå å døy? I eitt år set Halvorsen alt anna på vent for å finne svar på dei store spørsmåla. Ho dreg med lesaren på finanskonferanse og samlivskurs, inn i forskingsrapportar, oljesmell og politisk historie. Ho reiser frå Gjøvik til Høvik, til Stavanger, Sandnes, Sandeid, Etne og Keyserløkka. Alt for å skrive ei bok som kan gjere deg klokare - og få deg til å senke skuldrene, litt.
Denne boka er bundet av fastprisavtalen og kan derfor ikke rabatteres ytterligere ved bruk av rabattkoder, multibuys og andre tilbud.

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Innbundet
Utgitt 2017 Forfatter Anne Gunn Halvorsen
Forlag
Samlaget
ISBN 9788252192896
Antall sider 239 Dimensjoner 13,6cm x 19,5cm x 2,4cm
Vekt 388 gram Leverandør SentralDistribusjon AS
Emner og form Selvhjelp og personlig utvikling, Selvutvikling, Faglitteratur

Andre produkter med samme artist(er)/medvirkende