Kva er ei bok? - den illustrerte papirboka i ei digital tid (BOK)

Vilborg Stubseid Hovet

339,00 33900 Veil. pris 399,00
Sendes vanligvis innen 1-3 dager
I eit par tusen år har boka vore det viktigaste mediet for lagring og formidling av litteratur og kunnskap. I fem hundre år har papir vore eit så vanleg materiale at ordet bok har vore synonymt med papirbok. I løpet av dei siste to-tre tiåra har dette forandra seg mykje. Digital teknologi og verdsveven har overtatt oppgåver boka var åleine om før. Skjer det noko med den illustrerte skjønnlitteraturen i ein slik pressa situasjon? Og kva med sjølve mediet? Har papirboka spesielle eigenskapar? Kva er ei bok? tar for seg norsk kunstnarillustrert skjønnlitteratur etter årtusen.skiftet, på jakt etter kvalitet og eventuell nyskaping. Eit viktig funn er auka bruk av mediet teikneserie til roman og biografi. Det har gjort det nødvendig å stille spørsmålet: Kva er eigentleg ein teikneserie? Dessutan: Kva er adaptasjon eller remediering? Når det gjeld temaet kunstnarbok/artists' books er det mykje forvirrande ordbruk i omløp. Forfattaren nøstar opp historie, avgrensar fenomen, belyser med eksempel og i ein del tilfelle har ho også forslag til felles vokabular og omgrepsbruk.

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Heftet
Utgitt 2018 Forfatter Vilborg Stubseid Hovet
Forlag
Vidarforl.
ISBN 9788279903482
Antall sider 344 Dimensjoner 15,8cm x 22,8cm x 2,9cm
Vekt 636 gram Emner og form Litteratur: historie og kritikk, Illustrasjoner, Bokkunst, Billedkunstnere, Faglitteratur