|
00
Veil. pris 429,00
375
Klikk og hent i butikk
Betal når du henter varen.


Beskrivelse
Andre bok i «Septologien»
Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.
Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for venen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snødekte vegar.
I andre bandet av «Septologien» får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på Ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for fyrste gong, begge byrjar på Kunstskulen i Bjørgvin. I Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales.
«Septologien» er Jon Fosses storverk i sju delar. Fyrste boka, Det andre namnet, kom ut i 2019 og vart seld til 14 land, vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt.
Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.
Nominasjonar og prisar til Septologien:
Det andre namnet:
Langlista til Dublin Literary Award 2020
Langlista til The International Booker Prize 2020
Nominert til Kritikarprisen 2019
Nominert til Brageprisen 2019
Nominert til Stadsteaterns Internationella pris
Nynorsk litteraturpris 2019
Eg er ein annan:
Langlista til Dublin Literary Award 2021
Nominert til Kritikarprisen 2020
Eit nytt namn:
Langlista til Dublin Literary Award 2022
Kortlista til The international Booker Prize 2022
Finalist til National Book Award 2022
Kritikarprisen 2021
Brageprisen 2021
Anmeldelser
"'Septologien' kjem til å bli ståande som eit storverk innan norsk, nordisk, europeisk verdslitteratur."
«Fosse er frisk, Fosse er god [...] ...sprek, slik ein topproman skal vere»
"Nytt storverk frå Jon Fosse"
«Enestående bra [...] Jon Fosse skriver litteratur som absolutt ingen andre»
«Et forrykende selvportrett fra Jon Fosse [...] aldri før har han hatt mer å si til flere»
"Syngende vakkert. Jon Fosse skaper et nettverk av tråder det er en nytelse å nøste opp i."
Heile det uharmoniske livet til Asle er skrive fram i vidunderlig kunstnarleg symmetri, der t.d. dei tre delane begynner og sluttar med dei same orda og bønene, i repetisjonar og maningar"
«Fosse held fram med å skrive lysande prosa. [.] På ny har Fosse forma eit skriftstykke som prøver å seie noko om det som kanskje berre kunsten kan seie noko om: grunnvilkåra i eit liv, kva mennesket inst inne treng og lengtar etter. Eg tykkjer det er heil vedunderleg prosa»
"En svær roman om to forsofne menn ved navn Asle? Ja takk!"
"Noe av det lettest tilgjengelige Fosse har skrevet."
Produktfakta
Språk |
![]() |
Innbinding | Innbundet |
Utgitt | 2020 | Forfatter | Jon Fosse |
Forlag |
Samlaget |
ISBN | 9788252196191 |
Antall sider | 405 | Dimensjoner | 13,4cm x 21,2cm x 3,4cm |
Vekt | 536 gram | Emner og form | Moderne litteratur, Kunstnere, kunstmonografier, Hordaland, Kunstnere, Alkoholmisbruk, Vennskap, Romaner, Skjønnlitteratur |