Skrifter i samling. Bd. 6 (BOK)

Arne Garborg

199,00 19900
Sendes vanligvis innen 1-3 dager
LÆRAREN (1896) er eit hovudverka i nynorsk dramatikk. Her møter vi Paulus Hòve, son til Enok i FRED. Verket er ei drastisk oppgjer med syndedyrking i visse kristne miljø, men her er òg ein samfunnskonflikt og ein kjærleikskonflikt. Og det er samanflettinga av alle desse motiva som gjer Paulus til ein fårleg mann. DEN BURTKOMNE FADEREN (1899) er kan hende Garborgs mest personlege prosaverk. Hovudpersonen er Gunnar Hòve, bror til Paulus. Han har kome attende til heimbygda etter mange år i utlandet, trøytt av materialisme og innhaldsløyse. Det blir Paulus som til slutt gir han kvila si att, med trua på kjærleiken, den sigrande livsmakta. HEIMKOMIN SON (1908) er Garborgs siste større bokverk. Her blir tankane frå DEN BURTKOMNE FADEREN knytta til praktisk arbeid i jordbruket, ettersom brorskapstanken blir innfelt i jordspørsmålet. ARNE GARBORG (1851-1924) vart fødd i time på Jæren og opplevde tidleg krisa som følgde overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Heile livet var han blant dei fremste kulturkritikarane i landet, og var blant dei få som klart å leve av å skrive. Han høyrde til blant våre fremste romanforfattarar, han var lyrikar og dramatikar, journalist, kritikar, polemikar og mykje meir. Han produserte til saman over to tusen essay og artiklar om litteratur, språk, filosofi, religion og politikk.

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Innbundet
Utgitt 2001 Litteraturtype Skjønnlitteratur
Forfatter Arne Garborg Forlag
Aschehoug
ISBN 9788203184079 Antall sider 220
Dimensjoner 21,3cm x 13,6cm x 1,9cm Vekt 340 gram
Leverandør Forlagsentralen ANS Emner og form Klassisk litteratur, Romaner, Skjønnlitteratur