Inngår i kampanje
  • Lesehest

Soga Om Spelemannen Ola G.Okshovd (2CD) (BOK)

449,00 44900
Bestillingsvare Sendes vanligvis innen 2-5 dager
Frakt fra 49,- Gratis frakt på alle ordrer over 1000,-

 

Spelemannen Ola G. Okshovd (1872–1960) vaks opp i eit rikt spelemannsmiljø i Øystre Slidre på slutten av 1800-talet. I hans levetid gjekk heile samfunnet gjennom store omveltingar, noko som førte til at den gamle folkekulturen kom under press. Samtidig opna det seg nye moglegheiter både teknologisk, sosialt og økonomisk. Med Okshovd som midtpunkt får du eit innblikk i liva til heilt vanlege folk gjennom både skjemt og alvor. Boka fortel korleis jernbanen, avisene, grammofonen, bilen, radioen, elektrisiteten og velferdsstaten gjorde seg gjeldande i denne perioden, og kva for plass kappleikar, konsertar, dansefestar og spelferder hadde i Ola Okshovds samtid. Attåt boka følgjer det med to cd-ar opptak frå nrk der Okshovd spelar hardingfele. Produksjonen er dermed lagd til rette for ulike typar lesarar og lyttarar. Bokslukaren kan pløye gjennom 300 sider. Bokbladaren kan finne nærmare 200 illustrasjonar. Sogeforteljaren kan tileigne seg nokre titals «rispo». Nerden kan finstudere 400 fotnotar. Musikklyttaren kan nyte alderdomleg felespel frå Valdres. kjellbjørn karsrud (f. 1986) er oppvaksen på Leira i Valdres og spelar hardingfele blant anna i tradisjon etter Ola Okshovd. Han er lektor på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule og bur i Lom.

Sporliste 2CD:

1. Sjåheimen, springar
2. Fagerdalen, springar
3. Sylkjegulen, springar
4. Krøsshaugen, halling
5. Springar etter Jørn Hilme
6. Gamal halling
7. Skraddarlåtten, springar
8. Fløthaugen, halling
9. Skjemt og ålvor, springar
10. Gamal brurlått
11. Okshovden, springar
12. Brurlått frå Valdres
13. Systerlått, springar
14. Slidrehallingen
15. Gamle-Hagen, springar
16. Lydarlått
17. Vårstemning, springar
18. Jønsokdagen, springar
19. Gamle Anne Vik, springar
20. Brurlått
21. Fere går e, ette dalla du, springar
22. Bondelått
23. Stundo e’ mi kjering go’, springar
24. Midt i myljo jol o’ kyndismess, springar
1. Purkekragin, springar
2. Halling av Ola Okshovd
3. Danse lauskar o’ gå fri, springar
4. Teigen, springar
5. Jens i Haugen, springar
6. Kvålen, springar
7. Lydarlått
8. Tørtin, springar
9. Raudalen, springar
10. Liahaugen, springar
11. Namnlausen, springar
12. Tassen, springar
13. Huldrelått, springar
14. Ein sumarkveld i Jotunheimen, springar
15. Bjøllelåtten, springar
16. Solrenning, springar
17. Fjellbekken, springar
18. Valdreskvelven, springar
19. Valdresguten, halling
20. Teigen, springar
21. Gamal bondevals
22. Veksaren, springar

Produktfakta

Utgitt 2021 Forlag
Talik World
ISBN TA214

Kunder som kjøpte dette produktet kjøpte også