Sone Z - roman (BOK)

Øyvind Vågnes

280,00 28000 Veil. pris 329,00
Sendes vanligvis innen 1-3 dager
DeGarve har styrt ubemanna fly over sone Z i mange år. Han har vore uthaldande der andre på skiftet har falle ifrå, noko som har gjort han til ein legende på vaktsentralen. Det er i Sone Z at flyktningane prøver å ta seg inn i landet. Operatørar som DeGarve held dei ute, med dei midla som krevst. Ein dag forsvinn Lil, den vaksne dotter hans, på mystisk vis. Sjølv om det finst kamera overalt, kan ingen finne ut kvar ho er. DeGarve må sjølv ta til å leite, og gamle sår opnar seg. Har han nokon gong kjend dotter si? Kva for slags far har han vore? Kva for ein slags ektemann? Og kva vil dei kvite skuggane i draumane med han, skuggar han før berre har sett med flyets varmesøkande kamera? Sone Z er ein høgaktuell roman, som skildrar eit samfunn med total overvaking og skarp grensekontroll, der menneskeverdet er sett alvorleg på prøve. Men det er også ei forteljing om ein mann som blir konfrontert med blindflekkane i sitt eige liv, og omstenda som har skapt dei.

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Innbundet
Utgitt 2014 Litteraturtype Skjønnlitteratur
Forfatter Øyvind Vågnes Forlag
Tiden
ISBN 9788210054099 Antall sider 113
Dimensjoner 13,6cm x 21,4cm x 2,4cm Vekt 240 gram
Leverandør Forlagsentralen ANS Emner og form Dystopier, Romaner, Skjønnlitteratur

Andre produkter med samme artist(er)/medvirkende