Inngår i kampanje

Strilequiz - spørjebok for strilar og anna godtfolk (BOK)

Kari Fauskanger, Magne Reigstad

199,00 19900
Sendes vanligvis innen 15-20 dager
Kva er du når du er håttalaus? Kva er den største øya på strilelandet? Og kjem kjendisstylisten Jan Thomas frå Storebø eller Litlelindås? I.Strilequiz - spørjebok for strilar og anna godtfolk.finn du svara. Dei over 600 spørsmåla i boka utfordrar deg på ord og uttrykk, geografi, historie, litteratur, mat, kristenliv og Melodi Grand Prix - for å nemne noko. Boka er i tillegg krydra med sitat om og av strilar, og observante vegfarande får testa ut lokalkunnskapen på biletspørsmåla i boka. Quiz-general Jan Arild Breistein, redaktør Trine Eilertsen og stortingsrepresentant Helge André Njåstad, alle med røter på strilelandet, stiller også med eigne quizbolkar. God strilequiz! Kari Fauskanger er ekte stril. Ho er fødd på Askøy, gjorde unna barneåra i Fusa, men hadde ungdomstida på Askøy. Ho er gift med ein Arna-stril og har familie i fleire strilekommunar. Ho har jobba som kulturjournalist i Bergens Tidende og har farta mykje rundt på strilelandet. I BT var ho ein flittig quizleverandør både til papir-.og nettutgåver. Kari Fauskanger er utdanna bibliotekar.

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Heftet
Utgitt 2017 Forfatter Kari Fauskanger, Magne Reigstad
Forlag
Vigmostad Bjørke
ISBN 9788241913785
Antall sider 210 Dimensjoner 12,6cm x 19,3cm x 1,4cm
Vekt 311 gram Leverandør Vigmostad og Bjørke
Emner og form Spørrebøker, Hordaland, Faglitteratur