Sy & sy om - redesign gamle plagg og tekstilar (BOK)

Christine Fure Schwarz

349,00 34900 Veil. pris 399,00
Klikk og hent i butikk Betal når du henter varen.
Laster inn
Bestillingsvare Forventes på lager innen 2-6 dager
Frakt fra 0,- Billigste alternativ gratis
Beskrivelse
Klar for nye, kreative prosjekt? Med denne boka lærer du å sy trendy klede med det du har i skåpet frå før! Dei beste plagga er dei med ei historie, og den historia kan du fortelje ved å sy dine eigne klede. Sy-entusiast Christine Schwarz er oppteken av miljø og av å sjå moglegheiter i plagg og tekstilar du alt har kjøpt og belasta naturen med. For det er ikkje alltid så mykje som skal til før eit utdatert plagg endrar uttrykk og blir moderne, eller at plagget som aldri passa, plutseleg sit som det skal. Den gamle skinnjakka kan jo bli ei lekker veske - og den slaskete strikkegenseren kan få endå eit liv som jakke. Eller kva med eit flunkande nytt skjørt eller ein kimono? I «Sy & sy om» lærer du både å redesigne klede og å sy heilt nye plagg etter eigne kroppsmål. I tillegg får du oppskrifter på praktisk tilbehøyr som pc-mappe, panneband og sekk. Fleire av oppskriftene eignar seg godt for haust- og vinterklede, men kan også syast med lettare tekstilar. Framgangsmåten er godt forklart med illustrasjonar og bilete. Ei perfekt bok for deg som kan sy litt frå før - og som no ønskjer endå fleire verktøy for å kunne leike deg kreativt med saum og omsaum.
Denne boka er bundet av fastprisavtalen og kan derfor ikke rabatteres ytterligere ved bruk av rabattkoder, multibuys og andre tilbud.
Produktfakta
Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Innbundet
Utgitt 2022 Forfatter Christine Fure Schwarz
Forlag
Samlaget
ISBN 9788234007828
Antall sider 208 Dimensjoner 21,8cm x 25,8cm x 2,2cm
Vekt 870 gram Andre medvirkende Christine Fure Schwarz, Sara Olivia Sanderud
Emner og form Søm, Klær, Redesign, Faglitteratur

Andre produkter med samme artist(er)/medvirkende