Ved Akerselva og andre forteljingar ; Ein slusk da han var barn (BOK)

Kristofer Uppdal

322,00 32200 Veil. pris 379,00
Sendes vanligvis innen 1-3 dager
To titlar har fått plass når den første prosaen til rallaren, poeten og romandiktaren Kristofer Uppdal her kjem i ei ny bok. "Ved Akerselva" er ei gløymd perle frå 1910 og den einaste boka med korte forteljingar Uppdal skreiv. "Ein slusk da han var barn" er ei hardkokt skildring av inngangen til 1900-talet, skriven ut frå ståstaden til ein sårbar gut. Manuskriptet vart funne først tretti år etter at Uppdal døydde, og har aldri vore trykt tidligare. Dette er usentimentale, såre og brutale dokument som skildrar hendingar tett opp til Kristofer Uppdal sin eigen oppvekst. Språket er direkte; realismen sterk, skitten og ærleg. Her blir livet på botnen av det norske samfunnet spegla. Arild Bye er redaktør for boka og har skrive eit forord. Jan Erik Vold har skrive etterordet, som gir eit riss av heile skaparverket til Kristofer Uppdal, ein av det moderne Noregs største diktarar i både prosa og lyrikk.

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Innbundet
Utgitt 2016 Forfatter Kristofer Uppdal
Forlag
Aschehoug
ISBN 9788203356322
Antall sider 239 Dimensjoner 14,1cm x 21,4cm x 2,5cm
Vekt 361 gram Leverandør Forlagsentralen ANS
Andre medvirkende Arild Bye Emner og form Historiske romaner, Noveller, Historisk litteratur, 1900-1914, Skjønnlitteratur

Andre produkter med samme artist(er)/medvirkende