Vestlandets historie. Bd. 1-3 (BOK)

1 104,00 1 10400 Veil. pris 1 399,00
Sendes vanligvis innen 5-15 dager
VESTLANDETS HISTORIE er den første verkelege landsdelshistoria som blir gitt ut i Noreg. I tre bind tek verket for seg samanbindande tilhøve og samhandling i landsdelen gjennom tidene, men òg motkrefter i form av lokale ulikskapar og spenningar. Vestlandet blir sett både innanfrå og utanfrå - i forhold til resten av landet og ei større omverd. Det første bindet, NATUR OG NÆRING, handlar om samspelet mellom naturvilkår og næringsdrift i landsdelen gjennom tidene. Sjøvendinga - frå første stund med fiske og fangst, etter kvart sjøfart, og i nyaste tid havbruk og olje- og gassutvinning - har heile tida vore sterk, også etter at mykje av samferdsla er flytta over til land og luft. Likevel var landbruket hovudnæringa gjennom tre-fire tusenår fram til 1800-talet. Frå midten av dette hundreåret slo industrien rot, og Vestlandet er i dag industrilandsdelen i Noreg. I sysselsetjinga dominerer likevel no offentleg og privat tenesteyting. Det andre bindet, SAMFUNN, handlar om samfunnsdanning og samfunnsorganisasjon i landsdelen frå mellomalderen til i dag. Landskapa frå Sunnmøre til Agder fekk ein sams samfunnsorganisasjon da dei blei eit eige ting- og lovområde under Gulatinget, og seinare blei heile Vestlandet bunde saman av det dominerande handelsknutepunktet og styringssenteret i Bergen. I samfunnsutviklinga gjennom de siste fem hundre åra legg bindet vekt på det vestnorske bygdesamfunnet, by- og tettstadsutvikling, tilhøvet mellom sentralmakt og vestnorsk periferi, folkerørsler og frivillige organisasjonar. Framstillinga munnar ut i eit oversyn over vestlandssamfunnet i dag. Det tredje bindet, KULTUR, handlar om den mangslungne og rike kulturutviklinga på Vestlandet frå trusskiftet i mellomalderen til i dag. Opningskapitlet ser vestnorsk identitet i eit historisk perspektiv. Den vidare framstillinga går inn på kristendom og kyrkje i mellomalderen og religiøse forhold i etterreformatorisk tid, særleg lekmannsrørsle og religiøse vekkingar. Det blir gitt eigne oversyn over språkutvikling og litteratur, Vestlandet som motiv i biletkunsten, og utviklinga av musikk og scenekunst. Ein epilog samlar trådane i bindet og heile trebindsverket. «...eit assortert skattkammer. Eg nøler ikkje med den konklusjonen at det kan vere julegåva til patriotiske vestlendingar.» Professor emeritus Kåre Lunden i Dag og Tid, 1. desember 2006 «Både i tekst, bilder, register, fotnoteapparat, layout og papirkvalitet oser det av kvalitet» Ole Kallelid i Stavanger Aftenblad 28. november 2006 «Det går gjerne inflasjon i begrepet praktverk i forlagenes markedsføring i disse førjulstider, men forlaget Vigmostad & Bjørke kan med rette bruke det om sin nye vestlandshistorie.» Ole Kallelid i Stavanger Aftenblad 28. november 2006 Alle bestillinger av verket via nettbutikken leveres portofritt!

Produktfakta

Språk Nynorsk Nynorsk Innbinding Innbundet
Utgitt 2006 Litteraturtype Faglitteratur
Forlag
Vigmostad & Bjørke
ISBN 9788241904004
Dimensjoner 25,5cm x 32cm x 9,9cm Vekt 6280 gram
Leverandør Vigmostad og Bjørke Andre medvirkende Anna Elisa Tryti, Arnvid Lillehammer, Knut Helle, Ottar Grepstad
Emner og form Europeisk historie, Vestlandet, Historie, Kulturhistorie, Faglitteratur