Fra Kjerke Og Katedral (CD)

Ragnar Bjerkreim

169,00 16900
På lager Sendes vanligvis innen 24 timer

Dei fire første kutta på Fra Kjerke og Katedral, er laga til innviinga av den nye kyrkja på Ålgård. Etter framføringa 15. mars 2015 oppfordra biskop Erling Pettersen i Stavanger bispedømme meg til å spela inn dei fire korverka. Dermed starta prosessen med å finna resten av repertoaret til dette albumet.


Nokre dagar seinare, 29. mars arrangerte Bjerkreim kommune i samarbeid med soknerådet konsert der mine verk vart framførde. Kyrkja på heimstaden min i Rogaland var overfyllt denne vårkvelden. Også her var det fleire som etterlyste innspeling av songar som ikkje tidlegare var utgjevne.


Oppglødd reiste eg tilbake til Oslo og leita etter materiale eg har skrive til sakrale kontekstar. Eg valde Velsigning, Salme 8 og Salme 23 frå Missa Caritatis og Kong David, og arrangerte dei på nytt. Dei 15 kutta på Fra Kjerke og Katedral er laga i ein tidsperiode på 25 år, og dei fleste er arrangerte for denne utgjevinga. Tekstane og det musikalske uttrykket varierar og spenner over fleire sjangarar som t.d. barnesang, viser, gospel, ballader, salmar, musikal, korverk og orgelmusikk. Kanskje er det ein raud tråd i denne musikalske veven av stemmer, klanger, rytmer og instrumenteringar?

Sporliste

  1. Vi søker og ser (Ola Bremnes)
  2. Aldri og alltid (Anne Riyah Roalkvam)
  3. Et hus av hender (Pål Rake)
  4. Kirka vår (barnekor)
  5. Vandrer (Hege Bjerk)
  6. Tider etter dette (Hanne Sørvaag)
  7. Eg lyfter augo mine (Magnhild Hadland)
  8. Blomst av fred og glede (Hege Bjerk)
  9. Munken (Espen Grjotheim)
  10. Tilgi (Jannike Kruse)
  11. Herren er min hyrding (Uranienborg Vokalensemble)
  12. Herren er min hyrding (instrumental)
  13. Kva er då eit menneske (Uranienborg Vokalensemble)
  14. Velsigning (Uranienborg Vokalensemble)
  15. Orgelstykke (Kåre Nordstoga)

Produktfakta

Utgitt 2016 Format CD
Sjanger Gospel, Pop, Viser Artist Ragnar Bjerkreim
Label AKERSBAKKEN Leverandør AKERSBAKKEN
Bestillingsnummer TREMBLING010

Anmeldelser