Håkon Høgemo Spelar Slåttar Av Eivind Groven (CD)

Håkon Høgemo

179,00 17900
Klikk og hent i butikk Betal når du henter varen.
Laster inn
Ubekreftet leveringstid Ikke på lager hos leverandør.
Frakt fra 49,- Gratis frakt på alle ordrer over 1000,-
Beskrivelse
Det er nok ganske uvanleg at ein Sogning spelar slåttar frå Telemark inn på plata, men heilt sidan barndomen har eg vore oppteken av Eivind Groven, spelet hass og slåttane hass. Eg møtte aldri Eivind Groven, eg var berre tolv år då han døydde, og då hadde eg knapt vore utanfor Indre Sogn.
Det vart sendt ein del opptak på radio med Eivind Groven, og heima vart det teke opp på spoleband og høyrt mykje på. Og eg prøvde å læra etter opptaki. Det har difor lenge vore ein draum å sjølv få spela inn slåttane. Sjølv om eg har høyrt opptak med Eivind Groven og andre spelemenn, og nytta notane i Hardingfeleverket er dette min versjon av slåttane. Eg har ikkje prøvt å kopiera andre, so det blir på min måte.
Slåttane som Eivind Groven laga har vorte spelte av fleire spelemenn, og ikkje berre i Telemark. Dei har difor vore spelte på forskjellige måtar. I eit intervju med dotteri Dagne vart han spurt om dette, og han sa at han tykte dei ulike formene andre spelemenn spelte var gode. Og so sa han etterpå: «Det som er godt, skal leva».
I samband med at eg underviser på Norges musikkhøgskole har eg nytta dei fleste av slåttane til Eivind Groven i undervisningi. Difor har eg spelt dei tilnærma slik dei er skrivne ned i Hardingfeleverket, med unntak av Regnbogen. I 2005 gav Ånon Egeland meg si eigi nedskriving av slåtten for to feler, og det er den eg har nytta.
Det er noko eige med slåttane Eivind Groven har laga. Ikkje liknar dei på dei gamle slåttane, og dei har på eit vis ein annan farge i seg. Noko av dette kjem frå felestilli han nytta. Han laga òg nye stille som han nytta på nokre av dei. Men rytmane og oppbyggingi frå det gamle er der. Eivind Groven laga ikkje mange slåttar for hardingfela, men dei 10 han laga er noko av det beste som er gjort. Formene på slåttane er for meg heilt fullkomne.
Håkon Høgemo
Sporliste
  1. Regndagen
  2. I A°keren
  3. Va°ryra
  4. Sumarmorgon
  5. Brønnsla°tten
  6. Tyrielden
  7. Svartufsen
  8. Halling-Jora°n
  9. Kvelding
  10. Regnbogen
Produktfakta
Utgitt 2022 Format CD
Sjanger Folkemusikk Antall disker 1
Antall spor 10 Artist Håkon Høgemo
Bestillingsnummer LMP221

Kunder som kjøpte dette produktet kjøpte også