|

Beskrivelse
Den anerkjende, nyskapande og visjonære folkemusikaren Benedicte Maurseth lanserer no det framifrå og altoppslukande albumet Hárr på Hubro Records. Her blandar hennar særprega hardingfeleklang seg saumlaust saman med fugle- og reinsdyrlydar, og med dei meisterlege medmusikarane Mats Eilertsen og Håkon Mørch Stene som legg sitt fingeravtrykk på verket.
Alltid drivande framover, men samstundes med ei symbiotisk ro, dreg dette albumet deg inn i ei verd som nærmast gjev deg kjensla av å vandre over vidda, og å vera i eitt med naturen. Benedicte Maurseth er oppvaksen på Maurset i Eidfjord, like ved nasjonalparken Hardangervidda, og har gått i fjella der heile sitt liv, noko som tydeleg legg grunnlaget for denne musikalske vandringa.
Som folkemusikarar alltid har gjort, står også Maurseth open i si samtid, og hentar impulsar frå andre kunst- og musikkutrykk i samspel med andre. I verket og no også albumet Hárr vekslar det mellom norsk slåttemusikk, fri improvisert musikk, amerikansk minimalisme, og utstrekt bruk av musique concrète som eit berande element i komposisjonane, med lydar frå reinsdyr, fuglar, insekt, og tamreinsgjetarar frå Hardangervidda integrert i musikken.
Hárr er opphavleg eit tingingsverk av Benedicte Maurseth, arrangert og framført i samarbeid med blant andre Mats Eilertsen og Håkon Stene til Hardanger Musikkfest i 2019. Hárr er det norrøne namnet for Hårteigen, det mest særmerkte fjell på Hardangervidda, og fleire av titlane i verket har norrøne namn som Hreinn (reinsdyr) og Eidfyrder (Eidfjording). Jørgen Træen, Rolf-Erik Nystrøm og Stein Urheim er med som gjester på nokre av låtane på albumet.
Sporliste
- Augnast
- Heilo
- Reinsdyrbjøller
- Kollasj I
- Eidfyrder
- Hárr
- Hreinn
- Kollasj II
- Snø Over Sysendalen
Produktfakta
Utgitt | 2022 | Format | CD |
Sjanger | Folkemusikk | Antall disker | 1 |
Antall spor | 9 | Artist | Benedicte Maurseth |
Bestillingsnummer | HUBROCD2645 |