Kjære Min Maur (CD)

Kjorstad Brothers

179,00 17900
Bestillingsvare Sendes vanligvis innen 7-14 dager
Frakt fra 49,- Gratis frakt på alle ordrer over 1000,-
Beskrivelse
"- Det er fire år sidan Kjorstad Brothers slapp debutplata si, Pusinshi Ulla, på Talik. Den vart kritikerrosa og prisbelønt.
Sidan debuten har dei spelt omlag 80 konsertar saman i inn og utland, som duo og i lag med musikarar som Anders Røine, Hans Hulbækmo og Torgeir Vassvik. Med dei har vi også gjeve ut plater, Vassvik - Gakti (Heilo, 2019) og Reolô - Andre Sida (Talik, 2019). I tillegg har vi spelt mange konsertar og gjeve ut plater på kvar vår side, i band som Morgonrode, Frode Haltli Avant Folk, Miman, Billy Meier, Sanskriti Shresta Avatar og mange fleire.
Albumet Kjære min maur starta som eit prosjekt til Motvindfestivalen på Blå i 2018 og består stort sett av materiale som dei har lært etter opptak og nedskrifter av songarar frå Fronsbygdene. Dei har vore ute etter dei gode og naturlege melodiane når dei har bestemt seg for repertoar. Det blir henta inspirasjon frå ulike delar av verda, til ei heilheitleg plate med gjennomført tonalitet og stemning.

Instrumentariet i duoen er kraftig utvikla frå den førre plata. I tillegg til feler og vokal spelar dei på langeleik, fløyter, perkusjon og munnharpe.
Produktfakta
Utgitt 2020 Format CD
Sjanger Folkemusikk Antall disker 1
Antall spor 12 Artist Kjorstad Brothers
Bestillingsnummer TA228
Sporliste
  1. Mauren Og Engjespretta
  2. Sinklarmarsjen
  3. Katta Satt Oppa Takje
  4. Graupleiken
  5. Pelapipeleik
  6. Munnharpeslatt
  7. Heilagdagsvandring
  8. Budeiehull Og Hulderlokk
  9. Gauken
  10. Bessleiken Hhei Helje Ru
  11. Mollergutmarsjen
  12. Na E Det Ende Pa Vart Lag

Andre produkter med samme artist(er)/medvirkende