Spring Du Fela - Folkemusikkpoesi (m/Bok) (CD)

Mari Skeie Ljones

299,00 29900
Klikk og hent i butikk Betal når du henter varen.
Bestillingsvare Sendes vanligvis innen 2-5 dager
Frakt 39,- Gratis frakt på alle ordrer over 1000,-
Spring du fela er eit prosjekt i regi av felespelaren Mari Skeie Ljones, der gamle spelemannshistorier får nytt liv gjennom nyskrivne tekstar av samtidspoetar. Mari Skeie Ljones har servert diktarane historier om folkemusikarar og dansarar frå Gudbrandsdalen, og har fått tilbake dramatiske, triste og glade tekstar frå poetane Cornelius Jakhelln, Gaute Sortland, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Sigrid S. Botheim og Torbjørn Ljones. Den nye poesien har Mari Skeie Ljones, Camilla Granlien og Gaute M. Sortland komponert musikk til - og resultatet har blitt tretten songar og ei bok. Bok og musikk Tekstane fortente større plass enn i eit lite CD-cover, så Spring du fela vart til ei bok. Fotograf Ingvil Skeie Ljones har tatt portrett av alle musikarane og forfattarane, og bileta og tekstane gjer kvarandre vakre. Dei nye tekstane står fritt frå sanninga, men er likevel introdusert med ei kort historie om dei som var inspirasjonen. Spring du fela er blitt til ei lita praktbok med cd, designa av Anna Prestsæter frå Lillehammer. Felespelar med kjærleik for dei sure tonane Mari er frå Jørstadmoen på Lillehammer, og speler fele og hardingfele med basis i slåttemusikken frå Gudbrandsdalen og Hardanger. I 2010 tok ho eksamen i utøvande master på Norges Musikkhøgskole og har sia det vore frilans musiker med base i Oslo. Mari speler blant anna Prøysen med Camilla Granlien, har skulekonserten "Tenk om eg var ein tanke" med Annlaug Børsheim og har vore musikar i dansekompaniet Kartellet. Mari er glad i dei gode melodiane, men det rare eller stygge skal også ha ein plass i musikken. På Spring du fela har ho fått spele dei skeive tonane ho likar så godt.

Sporliste

  1. Berit Hagen
  2. Malekaken detta
  3. Høghalsen
  4. I himmelen
  5. Dorthea slår på strengar
  6. Eistinslått
  7. Til Ivar
  8. Busen
  9. Livslaup
  10. Legg meg ikkje i framand jord
  11. Blir det betre då?
  12. Spissrotmarsj
  13. Valdres-Maria

Produktfakta

Utgitt 2015 Format CD
Sjanger Folkemusikk Antall disker 1
Antall spor 13 Artist Mari Skeie Ljones
Label ta:lik Bestillingsnummer TA137