Til Himmels - Med Gangar Og Pols (CD)

Diverse Folkemusikk

179,00 17900
Sendes vanligvis innen 2-5 dager
Det gneistrar når folkemusikken og kyrkja møtes! Gneistane frå Ål har spreidd seg og gjeve glød til det kyrkjelege livet utover i Norge. CD-en Til Himmels - Med Gangar Og Pols er ein dokumentasjon av prosjektet Folkemusikk og gudsteneste, -tradisjonar og nyskaping, og inneheld ei rekkje både gamle og nykomponerte melodiar som ikkje før er gjeve ut. Utgjevinga viser tonen, og spennet i det vare og det storslagne i folke- musikken. Bukkehorn og lur, trekkspel, fele og kyrkjeorgel er balsam for sjela når det blir sett i lag, og musikken kan fløyme.

Det er den lokale musikaren og komponisten Jo Asgeir Lie som har komponert messeledda, og det tette samarbeidet med organist Audun Flaen har ført til musikk av beste slag. Lytt til eit unikt møte mellom topputøvarar frå folkemusikken og kyrkja i Ål!

Medverkande på Til Himmels - Med Gangar Og Pols: Jo Asgeir Lie (trekkspel), Audun Flaen (kyrkjeorgel), Margit Myhr (song, langeleik og lyre), Per Oddvar Johansen (perkusjon), Eilif Gundersen (seljefløyte, lur og bukkehorn), Audun Moen (song), Ingunn Stræte Lie (trekkspel), Ragnhild Jepsen (song), Håkon Tveito (klokker) og Kvarts, som forutan Jo Asgeir Lie består av Øystein O. Rudi (fele og hardingfele), Tom Willy Rustad (kontrabass), Olav Luksengård Mjelva (fele) og Erlend Styve (gitar). I tillegg medverkar ei vokalgruppe med songarar frå Ål.

Sporliste

  1. Reiselått frå Nes
  2. No koma Guds englar
  3. Bønerop- Kyrie
  4. Lovsong- Gloria med gloriapols
  5. Hos Gud er evig glede
  6. Bakom Høgevarde
  7. Guds folk for sin konge vil kveda
  8. Bøn
  9. Bergpolska
  10. Kornet har sin hvile
  11. Helsing og lovprising- Prefasjon
  12. Heilag- Sanctus
  13. Herrens bøn- Fader vår
  14. Du Guds lam- Agnus dei
  15. Jeg ser deg, o Guds Lam
  16. Kom regn fra det høye
  17. Leken hass Christen Johanessa Dahl
  18. Velsigning- Gud vere lova, velsigning og Amen
  19. 3 x 3 klokkeslag
  20. Den nye dagen

Lyttespor

Produktfakta

Utgitt 2012 Format CD
Sjanger Folkemusikk Antall disker 1
Antall spor 20 Artist Diverse Folkemusikk
Label Kvarts Leverandør Musikkoperatørene
Bestillingsnummer KVARTS18

Anmeldelser