Inngår i
  • Norske uker - CD

Velkommen Håp (CD)

Flukten

159,20 15920 Veil. pris 199,00
Klikk og hent i butikk Betal når du henter varen.
Laster inn
Bestillingsvare Forventes på lager innen 5-10 dager
Frakt fra 49,- Gratis frakt på alle ordrer over 1000,-
Beskrivelse
Kva skjer når du sperrer inne fire av dei mest kreative musikarane i norsk jazz? Dei skaper.
I mars 2020, då koronapandemien stengte Noreg, fann Flukten sin fristad. Flukten er styrt av
ein ting - viljen til musikk.

Flukten består av musikarar frå nokre av dei mest kritikarroste banda i norsk jazz dei siste
åra: Hanna Paulsberg Concept, Atomic, Moskus, GURLS, Wako, Espen Berg Trio, Hullyboo,
Skadedyr og Trondheim Jazzorkester.

Etter Fluktens debutkonsert på Nasjonal Jazzscene i fjor skreiv mellom anna kritikarane «er
det noen band-debuter som virkelig har satt merker i sjel og hjerte er det denne.»
Med referansebiblioteket fylt med John Scofield, Joe Lovano, Per «Texas» Johansson, Salif
Keita og Paul Motian, tek dei vegar om hip hop, soul eller folkemusikk frå kvar det skal vere.
Her kan alle spontane innfall bli dyrka fram og utforska. Flukten gir deg skitten jazz å danse
til og mjuk, finstemt jazz å tenke til. Det er musikk som feirar livet med rom for det utrulige.
I Februar 2021 gjekk dei fire i studio, med same opne haldning som første gong dei jamma.
På Fluktens debutalbum høyrer du saksofonist Hanna Paulsbergs evige vokabular og
mangefasetterte tone utfalde seg fullstendig kompromisslaust. Du høyrer gitarist Marius
Klovning midt mellom John Scofield, skarp soul, western og norsk folkemusikk. Hans
Hulbækmo sitt trommespel er nærliggande å samanlikne med pianosolistar i hans melodiske
repertoar. Bassist Bárður Reinert Poulsen driv det heile med punchy, hardtswingande hand
og gir oss kjenslevare soloparti.

Saman er Flukten ein eksplosjon av speleglede frå nokre av Noregs fremste musikarar.
Låtane på albumet spenner frå leikne melodiar til klangar med motstand. Nokre gongar er
utgangspunktet for låtane eit opptak av nynning på ein mobiltelefon. Andre tider er det
augeblikksbilder av improvisasjonar i det levande studioet. Nokre gongar dansar musikken,
andre gongar er den som mjuke hender. Brått kastar dei seg ut i ekstase. Plata er den
soniske ekvivalenten til å kaste seg frå ei varm badstu og ut i det kalde havet. Denne
musikken vekkjer deg.

Dette er musikk som berre kunne blitt til av akkurat desse akkurat no.
Kanskje ligg du på golvet med eit bok i timesvis, kanskje drikk du deg full, kanskje spring du
til skogs? Vi treng alle å flykte inn i mellom.
Sporliste
  1. Velkommen Håp
  2. Budeie Boogie
  3. Framsyning
  4. Barneblues
  5. Mellomspill
  6. Jonas Og Hvalen
  7. Tennis Med Torstein
  8. Bleik Myrk Legg
  9. Pave Toten Totten
  10. Blomstrene
Produktfakta
Utgitt 2021 Format CD
Sjanger Jazz Antall disker 1
Antall spor 10 Artist Flukten
Bestillingsnummer ODINCD9576

Kunder som kjøpte dette produktet kjøpte også

Andre produkter med samme artist(er)/medvirkende