Lykkens Grøde (DVD)

129,00 12900
Sendes vanligvis innen 7-14 dager
I den vesle fjellbygda Lykkja bur tre generasjonar av familien Lykken under same tak. Her har to kvinner, ei svigermor og ei svigerdotter, levd tett på kvarandre i over tretti år - ein stad kor det eigentleg berre er plass til ei av dei to.

Medan enke og matriark Guri stadig omtalar den sterke kjærleiken mellom henne og mannen, har svigerdotter Marit ikkje hatt tid eller plass til slike kjensler. Etter å ha strevd med å strekkje til i alle år, ønskjer Marit no å bryte ut av hushaldet og finne sin eigen fridom. Ho står overfor eit vanskeleg val, i ei lita bygd med sterke tradisjonar. Nydeleg fotografert følgjer filmen det kompliserte forholdet mellom dei to kvinnene, der kjærleiken og avhengigheita dei i mellom også har ein plass.

Bonusmateriale

  • Epilog.
  • Ikkje nytta scener.
  • Intervju med Marit eit år etter.
  • Interiør.
  • Intervju med regissørane.

Produktfakta

Produksjonsår 2008 Format DVD
Sone Sone 2 Sjanger Dokumentar
Antall disker 1 Spilletid 0 timer 58 minutter
Aldersgrense Ingen Undertekster Engelsk
Lydformater Stereo 2.0 (Norsk) Bildeformater Widescreen 16:9 Anamorphic
Regissør Karoline Grindaker / Hilde K. Kjøs Skuespillere Dokumentar
Bestillingsnummer DOK002DVD Leverandør Another World Entertainment

Anmeldelser

Kunder som kjøpte dette produktet kjøpte også

Andre produkter med samme artist(er)/medvirkende

Kunder som har sett på dette produktet er også interessert i